Oppstart av ungdomskor på Stedjetunet 7. mars


Denne våren kan DU bli med på oppstart av nytt ungdomskor på Stedjetunet. Koret vil øve i Storsalen nokre måndager i vår frå kl. 17 til kl. 19.

 

Går du på ungdomsskulen eller vidaregåande og er glad i å synge? Då håpar vi at akkurat DU blir med på ungdomskoret som startar opp på Stedjetunet måndag 7. mars.

I vår jobbar vi frem mot opptreden og deltaking på gudstenesta i Stedje kyrkje Pinsedag (5. juni) kl. 11.00!

Øvingane blir på måndager frå kl. 17.00 til kl. 19.00, men vi opnar kl. 15.00 for litt sosialt og mat for dei som kjem rett frå skulen.

Ungdomskoret er ope for alle ungdommar i indre Sogn som ynskjer å vere med.

Dirigent for koret blir Hallgeir Øgaard Westli, til dagleg kantor i Leikanger og Fjærland kyrkjer.


Opplegget kvar gong:

15.00: Dørene opnar
16.00: Mat/sosialt
17.00: Øving
17.45: Pause
18.00: Øving
19.00: Takk for idag!


Semesterplan:

7. mars: Oppstart
14. mars: Øving
21. mars: Øving
28. mars: Øving


25. april: Øving
2. mai: Øving
9. mai: Øving
23. mai: Øving
30. mai: Øving

Sundag 5. juni: Synge på gudsteneste i Stedje kyrkje kl. 11.00 (Oppmøte kl. 10.00)

Tilbake