Pynt og praktisk

Pynt og praktisk

Publisert: 23.10.2018
Oppdatert: 15.10.2019

Ulike brudepar har ulike tankar om pynting av kyrkja til vigsle. Nokre tenker at kyrkjerommet er fullt utsmykka slik det er, medan andre har ynskje om å få legge til eitt eller fleire element som til dømes blomar. Dei ulike kyrkjene har også ulike moglegheiter for slik pynting, på grunn av m.a. ulik storleik.

Det viktigaste er at ein tidleg i planlegginga tek kontakt med kyrkjekontoret for å høyre kva som gjeld for den aktuelle kyrkja. Ein må også gjere avtale om tid for pynting, evt lån av nøkkel, og om opprydding. Slik avtale gjer ein også for det som eventuelt skal skje utanfor kyrkja etter vigsla, til dømes når det gjeld parkering av brudebil.