Kyrkjevalet går av stabelen samtidig med kommune- og fylkestingsvalet 11. september 2023. På sidene her vil det bli lagt ut ulik informasjon i høve valet; mellom anna fristar for førehandsrøysting og kunngjering av vallistene når desse ligg føre.
Foto: Kirkerådet
Kyrkjevalet er eigentleg tre val samstundes. Det er val på dei lokale sokneråda, og det er val på bispedømerådet – og alle bispedømeråda utgjer til saman Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet er kyrkja sitt øvste organ.
Alle medlemar i Den norske kyrkja kan stemme ved kyrkjevalet frå det året dei fyller 15 år.
På denne sida finn du Kirkerådet si eiga side om kyrkjevalet (opnar i nytt vindu).
Godt val!