Kva |
Når |
Nærare informasjon |
Frist for innlevering av listeforslag til valstyret (soknerådet) |
31. mars kl. 12.00 |
Soknerådet opprettar ein nominasjonskomité som utarbeider den ordinere vallista for komande val. Dette blir då nominasjonskomiteen si liste. Denne lista skal ha med namn på minst så mange kandidatar som det skal veljast – faste og varamedlemar. Namna skal vere utfylt i prioritert rekkjefølgje. Ei gruppe på 10 personar med stemmerett i soknet kan i tillegg levere ei liste til val av nytt sokneråd. Ei slik gruppe vil bli kalla ei nomineringsgruppe. Ei slik liste treng berre å ha med så mange namn som det skal veljast av faste medlemar til soknerådet. Ingen lister kan innehalde meir enn dobbelt så mange namn som det skal veljast til saman av faste og varamedlemar til soknerådet. |
Frist for kunngjering av vallister og valform |
2. mai |
Vallistene blir trykt i sommarnummeret av kyrkjelydsbladet, men blir også lagt ut på vår heimeside innan 2. mai. |
Frist for kunngjering av tid og stad for valdagen og førehandsrøysting |
10. august |
|
Frist for utlegging av manntalet til offentleg gjennomsyn. |
10. august til 11. september |
Ein person skal berre få kjennskap til opplysningar om seg sjølv. |
Periode for førehandsrøysting |
10. august – 8. september (på papir) 10. august – 6. september (digitalt) |
Førehandsrøystinga kan skje digitalt, eller på papir ved frammøte på kyrkjekontoret i opningstida. |
Frist for førehandsrøysting på papir i anna sokn enn der ein bur |
1. september |
|
Frist for førehandsrøysting på institusjon |
1. september |
|
Nasjonalt tidspunkt for førehandsrøysting |
Torsdag 31. august i tidsrommet kl. 15.00 – 20.00. |
Felles nasjonal opningstid for førehandsrøysting |
Valdag |
(10. og) 11. september |
Der ein har gudsteneste søndag 10. september vil det bli lagt opp til å ha val i etterkant av gudstenesta. Sjølve valdagen er måndag 11. september. Vallokala vil ha dei same opningstidene som vallokala ved kommune- og fylkestingsvalet. |
Frist for offentleggjering av valresultatet |
13. september |
|
Nyvalde sokneråd tiltrer |
1. november |
|
Tilbake
Tilbakemelding på nettsida?