Småtrolltrall på Stedjetunet


JIPPI!! Me startar Småtrolltrall 7.oktober kl 17.15 - 18.00. i storesalen på Stedjetunet. 

 

Dette er eit trusopplæringstiltak for barn frå 1 - 3 år som er glade i song og musikk. Me syng ilag, vert kjende, og så må me finne att Krølle, det vesle lammet som har kome bort. Etterpå vert det saft, kaffi og kjeks. Dette kan vere fint for både foreldre, besteforeldre, tante, onkel, fadder eller andre kjende å følgje med barna på. Det er Ingunn Stokstad og underteikna som leier samlingane. 

I haust har me sett opp tre torsdagar for samling: 

  • Torsdag 7.oktober
  • Torsdag 28.oktober
  • Torsdag 18.november. 

Håpar me sjåast!

 

Helsing Birte Husum, trusopplæringsleiar. 

Telefon: 94798799

Tilbake