Kyrkjelydstur til Lærdal


Endeleg vert det kyrkjelydstur att!

Vi reiser fredag 20. august med oppmøte kl. 8.45 og avgang kl.9 frå Sogndal. Meld deg på til kyrkjekontoret (57679985) innan 16.august.

 

Denne gongen tek vi turen til Lærdal, med diverse spennande stopp; Sjurhaugfossen, besøkssenteret og Borgund Stavkyrkje, Borlo Bygdetun og vidare til St.Thomas kyrkja på Filefjell. Etter middag på Tyin reiser vi heimatt om Årdal og retur til Sogndal.

Det er begrensa plassar på bussen, så meld deg på i tide! Turen kostar kr. 500,- pr. deltakar, og inkluderer buss, middag og inngangsbillettar. Ta med tursekk med det du treng for eigen del!

Tilbake