Babysong våren 2022


Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon! Besteforeldre må også gjerne ta turen! På grunn av serveringa ynskjer vi gjerne påmelding, men alle er velkomne!. 

 

(Foto: Bo Mathisen)

 

Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa, og er ope for alle foreldre (evnt. besteforeldre) og born i alderen 0 og fram til første bursdagen. De bestemmer sjølve når de er klare for å kome. Me har hatt babyar innom som har vore 3 veker gamle og søv gjennom heile samlinga, og me har aktive barn som nærmar seg året. Alle er hjarteleg velkomne, og me ynskjer å leggje tilrette for at kvar og ein skal kjenne seg velkomne slik dei er. Ta også kontakt om de har særskilte behov og treng tilrettelegging.

Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj, der me et og pratar fram til ca.kl. 12.30. Vel møtt :) 

 

Vinter og vår 2022 møtast me desse datoane 

OBS: Det er ikkje babysong nokon stader i veke 8, grunna vinterferie. 

Sogndal: Stedjetunet. Onsdagar 

 

19. januar FULLT
  2. februar
16. februar 
  2. mars
16. mars

30. mars

27. april: Me besøker Prestahagen omsorgssenter, og syng i lag med bebuarane der. 

 

Kaupanger (bedehuset). Onsdagar

 

 26. januar
  9. februar
 
  9. mars
23. mars
  6. april
 

Leikanger (Kyrkjelydshuset). Torsdagar

 

20. januar
  3. februar
17. februar
  3. mars
17. mars
31. mars: sesongavslutning
 
 
 

Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook

Bli med i den private Facebooksida til Babysang i Sogndal kor me prøver å oppdatere informasjon jamnleg og held kontakten med kvarandre. 

 

 

Ta med dykk:

  • Eigne leiker til babyar
  • Liggjeunderlag/teppe/matte babyen kan liggja på, om de ynskjer det. (me har begrensa med matter)

Lunsjen varierer litt frå stad til stad, med noko brødmat og pålegg ein kan smørje sjølve. VIPPS kr. 30 til det gjeldande soknerådet der samlinga er.  

Etter siste oppdatering, har me lov til å samlast så mange me vil. Me set difor ingen grenser, då det er god plass alle stader. Grunna berekning av mat, er det fint om deltakarane kan melde seg på: Påmelding på denne lenka. Om de plutseleg kjem på at de vil på babysong, men har gløymt å melde dykk på, er de likevel hjarteleg velkomne. 

Bilete frå babysong på Anestølen 20.

Foto Birte Husum. 

Håpar å sjå deg og din baby snart! 

 

Helsing Birte, tlf. 947 98 799, e-post: birte.husum@sogndal.kyrkja.no

Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

Tilbake