Her kan du laste ned ein bibelleseplan som dag for dag i fastetida hjelper oss å zoome inn fokuset mot dei viktigaste hendingane i historie; det som hende i påska.
LAST NED BIBELLESEPLANEN HER (PDF)
Fastetida er ei tid for å finne fokuset på det viktigaste i livet. Vi zoomar inn mot medmenneska våre. Les Jes 58, 5 – 8. Bibelen utfordrar oss særleg på tilhøvet vårt til dei fattige i verda. Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ei hjelp til å gjere noko konkret!
Denne bibelleseplanen skal hjelpe oss til å zoome inn fokuset mot dei viktigaste hendingane i historia, nemleg det som hende i påska:
Jesus gjekk i døden for oss og sigra over døden si makt.
Bibelleseplanen har for kvar dag eit avsnitt frå Jesus si lidingssoge.
Dette året les vi frå Lukasevangeliet fordi vi langfredag i år les Lukas sin versjon av lidingssoga.
Lær mi sjel kor du laut lida,
Syn meg såret ditt i sida,
Styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen, du.
Jakob Sande 1931, Norsk salmebok 138, v 4
Kjetil Netland, sokneprest i Balestrand