Utdeling av 11-årsbøker 2023


Fyller du 11 år i 2023? Eller kjenner du nokon som gjer det? Då må du lese nøye slik at du kan kome eller invitere den du kjenner med deg til ei av kyrkjene våre i februar. 

Foto av open bok med tekst - oversikt over kva gudstenester 11-årsbok vert delt ut på.

Tradisjonen tru deler me også i år ut den fine boka "Bibelen ei vandring gjennom den store forteljinga" (Verbum) til dei som blir 11 år. Det er sendt ut invitasjonar i posten til dei som står i våre registre, men alle er velkomne om dei er medlem eller ikkje. Du kan lese om boka "Bibelen - ei vandring gjennom den store forteljinga" på denne sida (nytt vindu). Boka er ei gåve frå det soknet du høyrer til.

Det vert familiegudstenester i alle kyrkjene, så sjølv om det er 11-åringane som er særskilt inviterte, er alle hjarteleg velkomne. Utdelinga av bok skjer under bønevandringa. Det vil også vere nattverd med intinksjon i alle gudstenestene. Etterpå vert det kyrkjekaffi, der de kan få noko godt å bite i og prate litt med andre kyrkjegjengarar den dagen.

  • Stedje kyrkje 5. februar kl. 11.00: For Stedje OG Kaupanger sokn. (Stavkyrkja i Kaupanger held vinterstengd)
  • Ølmheim kyrkja 5. februar kl. 11.00
  • Leikanger kyrkje 5. februar kl. 17.00
  • Fjærland kyrkja 12. februar kl. 11.00. 

Treng du noko tilrettelegging eller hjelp, ta veldig gjerne kontakt. Om det ikkje passar å kome i nokre av gudstenestene, er du hjarteleg velkomen innom kyrkjekontoret for å hente boka. Me har ope kontor alle kvardagar i alminneleg kontortid.

Vel møtt!!

Beste helsing

Birte Husum

Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
birte.husum@sogndal.kyrkja.no  |  Tlf: 94798799 (klikk for å ringe)

Tilbake