Prøvingsattest

Publisert: 23.10.2018
Oppdatert: 23.10.2018

Det er  folkeregisteret ved Skatteetaten som skriv ut ein prøvingsattest, altså det dokumentet som gjev høve til å inngå ekteskap i tråd med norsk lov.  Informasjon, skjema osv. finn de her:

http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/Veien-til-ekteskapet---steg-for-steg/Start/

Brur, brudgom og forlovarar må fylle ut og signere kvar sine skjema.  På grunnlag av desse skjema skriv Skatteetaten ut «Prøvingsattest frå folkeregisteret». 
Dette dokumentet viser at det etter norsk lov ikkje er noko til hinder for å inngå ekteskap.

Denne prøvingsattesten må sendast,  anten av skattekontoret eller av dykk, til kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla. Når de sender inn dykkar søknadar, kan de velje at Skatteetaten skal sende prøvingsattesten direkte til oss. Om de ikkje kryssar av for dette, vert attesten sendt til dykk, og så må de vidaresende til oss.

Vi stemplar og underskriv prøvingsattesten, og den dannar grunnlag for utskriving av vigselsattest etter at ekteskapet er inngått. Merk at prøvingsattesten ikkje kan vere eldre enn 4 månader når ekteskapet vert inngått. Skatteetaten opplyser at forventa handsamingstid er 2-3 veker.