Sorg og sorggruppetilbod

Publisert: 10.01.2018
Oppdatert: 27.02.2019

Om sorg og Sorggruppetilbod

Når ein vert ramma av dødsfall, ved brå død, ulykke eller sjukdom, vert ein som pårørande utsett for ei kjenslemessig belastning. I dei fleste tilfelle vil sorgarbeidet gå seg til etter kvart, men for mange er det  vanskeleg å handtere situasjonen åleine. Familie og vener er ofte det nærmaste og viktigaste nettverket, men det er ikkje alltid ein vil kunne snakka opent  med dei om korleis ein opplever situasjonen og den nye kvardagen. For vaksne vil erfaringar vi gjere gjennom livet ofte kunne hjelpa oss på vegen vidare, som noko ein haustar ifrå og som ein  byggje vidare på.

Born og unge som opplever dødsfall i nær familie, vil vere ekstra utsett og sårbare for påkjenningar som kjem ved eit dødsfall. Dei har som oftast ikkje opplevd noko liknande tidlegare. Samtale med andre som har opplevd noko av det same som du sjølv, å dela erfaring og utveksla tankar og kjensler, kan bli til hjelp på vegen. Kvardagen og livet kan vere tungt og trist etter eit dødsfall, og ulike spørsmål dukkar opp: korleis vert familiesituasjonen vår no?

Vi har tru på samtale i mindre grupper. Det er mykje god hjelp i å samtale med andre i tilsvarande situasjon, og lytte til kvarandre. Det vert etablert sorggruppe når det er 4-5 personer som ønskje å delta i ein slik gruppe. Det er på ulike måter knytt nokre fordeler til at dei som er med i same gruppe har ein fellesnemnar, som at dei har mista ektefelle eller samboar, mista born, vaksne born. Ein fellesnemnar aukar moglegheita for at dei forstår kvarandre betre, sjølv om kvar og ein har ein unik erfaring. 

Sorggruppe vert etablert ved soknediakon Gitte Th. Torstad, og tilbodet kan ved nokre høve skje i samarbeid med andre instanser når det er hensiktsmessig. 

Gitte: 97416519  / diakon@sogndal.kyrkja.no  /  www.sogndal.kyrkja.no