Dåpsring og kyrkjering i Stedje

Publisert: 01.01.2018
Oppdatert: 27.02.2019

Ver med i Dåpsring eller Kyrkjering i Stedje sokn!                             
Dei to ringane har noko ulikt  fokus  når dei samlast og på kva dei er oppteken av.

Samlingar, våren 2019 (med forbehold om endringar):

Kyrkjeringen: onsdag 27. februar, og deretter den siste onsdagen i kvar månad  

Dåpsringen: 11. april. 

Stad: Både Kyrkjeringen og Dåpsringen har treffa sine på Kyrkjekontoret, Fossetunet 1a, i 2.etasje.

Kyrkjeringen er ein møteplass forbeholdt menn. Helge Torstad er frivillig leiar av Kyrkjeringen. Dei samlast den siste onsdagen i kvar månad kl. 19.30- 21.00. (MERK nytt klokkeslett!). Samlingane er opne for dei som ynskje koma!

På møta vert det servert vaflar eller anna bakst. Ansvar for litt mat går på omgang. Kort andakt og song høyrer med, samt ei morosam lita historie. Mennene har utlodning, og pengane som kjem inn vert nytta til innkjøp, eller støtte til, diverse utstyr til kyrkja. No seinast kosta dei nye høgtalarar til Stedje kyrkje. Det vert diskutert og drøfta ulike forhold som gjeld kyrkja sitt anliggande, til dømes historikk,kyrkja i dag, dugnadsoppgåver, frivilligoppgåver og aktivitetar som ligg føre.

Kyrkjeringen har teke på seg dugnadsoppgåver, m.a har dei ordna skinnet som er rundt alterringen, og ute har dei saga og rydda vekk skogen både ved Stedjetunet og ved kyrkja. 

Kyrkjekontoret sender ut SMS i forkant av kvar samling. Du kan kome til den/dei samlingane det høver for deg, du treng ikkje vere med kvar gong! Men du er hjarteleg velkomen til desse kjekke samlingane- kom og bli med!

Dåpsringen sitt føremon er todelt. Dåpsringen er ei møtestad med opne samlingar for kvinner, og gjennom sitt arbeid støtter dei kyrkjelyden sitt arbeid kring dåp.  Dei har vanlegvis fire møtar i året, to i kvart semester. Møta er om torsdagar, frå kl. 18-20.

På møta er det ei kort andakt, litt song, handarbeid for den som vil, drøftingar om det kyrkjelege arbeidet, utlodning, matservering og gode samtalar.

Pengane som kjem inn frå utlodningane går i si heilheit til Stedje sokneråd si satsing på materiell til dåpsfamiliane. Familiane som kjem til kyrkje for å døype barnet sitt, får dåpslys og lysestake, og ein dåpsserviett som vert brukt til å tørke barnet sitt hoved under dåpen. Dåpsservietten er laga på Madagaskar i eit misjons-og diakoniprosjekt gjennom Norsk Luthersk Misjonsselskap.

Har du interesse av dette, er du hjarteleg velkomen til å bli med når det høver!

Spørsmål kan rettast til Kyrkjekontoret ved diakon.