Tilsetjing av kyrkjeverje

Tilsetjing av kyrkjeverje

Publisert: 15.02.2018
Oppdatert: 23.10.2018

I desembermøtet til den kyrkjelege fellesnemnda, 12.12.17, hadde nemnda mellom anna føre saka om tilsetjing av kyrkjeverje etter samanslåinga av kommunane. Den nye kyrkjeverja skal mellom anna også fungere som prosjektleiar fram til samanslåinga trer i kraft.

Jorunn Merete Haukås-Eide er i dag kyrkjeverje for kommunane Sogndal og Leikanger. Ho har vore tilsett som kyrkjeverje for Sogndal sidan 1998, og i tillegg for Leikanger sidan 2010. Ho vart samrøystes tilsett som kyrkjeverje for den nye Sogndal kommune frå 01.01.2020.
Innhald/omfang/ansvar i stillinga som kyrkjeverje er i hovudsak:

  • Ho er øvste leiar av verksemda til fellesrådet og legg til rette for at fellesrådet kan utføre dei oppgåvene som følgjer av lovverk og vedtak og føresegner fatta av kyrkjelege organ.
  • Kyrkjeverja er sekretær for fellesrådet og har møte og talerett.
  • Kyrkjeverja er sekretær for administrasjonsutvalet og eventuelle andre utval/komitéar med møte og talerett slik fellesrådet har bestemt.
  • Kyrkjeverja skal sikre at kyrkjeleg fellesråd blir gitt best mogeleg grunnlag for å:
    • utforme mål og planar for fellesrådet sitt arbeid i samarbeid med sokneråda, dei tilsette og i samråd med prestetenesta i sokna.
    • vurdere forslag til avgjerd og få utgreidd konsekvensane før vedtak blir fatta.
    • fordele ressursane slik at dei vedtekne måla blir nådde.
    • skape gode økonomisk rammevilkår for verksemda.
    • kontrollere at måla for verksemda blir nådde.
  • Kyrkjeverja er ansvarleg for effektiv bruk og forvaltning av overførde økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
  • Kyrkjeverja skal saman med fellesrådet vere med å fremje og vareta interessene til sokna og fellesrådet i forhold til kommunen og andre offentlege styresmakter.
  • Kyrkjeverja skal vere med å fremje samarbeid mellom sokna og mellom sokna og dei tilsette.

Kyrkjeverja er ansvarleg for ein effektiv organisasjon og eit godt arbeidsmiljø, og skal søkje å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei tilsette i fellesrådet, og saman med dei geistelege tilsette. På same måte skal kyrkjeverja også søkje å leggje til rette eit godt samarbeid mellom tilsette og frivillige medarbeidarar i sokna. Kyrkjeverja sørgjer for og legg til rette møte, drøftingar og forhandlingar i samsvar med lov- og avtaleverk og innarbeidd praksis. Kyrkjeverja skal leggje til rette for god formell og uformell kontakt og kommunikasjon mellom og med fellesråd, utval, sokneråd, tilsette og eksterne kontaktar slik at verksemda kan nå måla sine.