Missale Nidarosiense – føredrag under Boknatta 1. juni i Fjærland

Publisert: 08.05.2019
Oppdatert: 08.05.2019

”Nidaros messeboka frå 1519 – Kva fortel den og andre kjelder om korleis gudstenesta vart feira i Noreg i mellomalderen?”

I Bokåret 2019 set vi søkjelyset på Missale Nidarosiense, ei messebok frå Nidaros, trykt i 1519. Dette var ei av dei fyrste bøkene trykt i Noreg. Ho er ein del av Noregs dokumentarv og har 500-års jubileum i år.

Det er prost Kjetil Netland som vil ha eit foredrag om dette under Boknatta 1. juni i Fjærland. Arrangementet er del av Boknatta, Bokbyen si offisielle opning for sesongen. Finn vegen til Fjærland kyrkje denne dagen, kl 1430. Arrangementet er gratis, men det er høve til å gje ei gåve ved utgangen.