Basar til inntekt for Stedjetunet

Publisert: 07.05.2019
Oppdatert: 20.05.2019

Torsdag 6. Juni kl 17.00 vert basar på SIM-huset til inntekt for nye Stedjetunet. 

Arbeidet med å attreise Stedjetunet nærmar seg, det første spadetaket kjem snart! Sokneråda for Stedje, Kaupanger og Norum har teke på seg å arrangere basar til inntekt for Stedjetunet. I denne omgang vil ein at innkome frå basaren skal vere til stolar i den nye møtesalen.

Basaren vert torsdag 6.juni frå kl. 17. Vi møtast i SIM sine lokaler, i Frydenbøhuset.

 

Basaren skal vere ein kjekk og triveleg anledning for heile familien. Helge Torstad vil leie kvelden, medan Astrid Hove har ansvar for opplegget med borna som begynnar kl. 17.30. Borna skal ha si eiga trekning av årer og lodd bok med nokre større gevinstar. I løpet av heile kvelden vert det servert påsmurte skiver, kaker, kaffi og saft.

Mange er nyfikne på nye Stedjetunet. Ove Bukholm har inngåande kjennskap til oppattreisinga av Stedjetunet. Han vil fortelje om dette arbeidet kl. 19.15

Dalklang kjem og gler oss med si friske song  kl. 19.30, og Kjell Olav Nordheim vil halde andakt.

Innimellom programinnslaga vert det rikeleg høve til å kjøpe lodd på hovedlotteriet og på årane. Vi tek gjerne imot gevinstar til åresalet!

Vi trur dette vert ein fin ettermiddag og kveld – kom og ver med !

Ta kontakt med Gitte Th.Torstad , mobil 97416519, viss du lurer på noko.