Meny: Kyrkjeval  Meny: Kyrkjeval - kandidatlister  Meny: Kyrkjeval - praktisk informasjon 
Førehandsrøysting

Har du ikkje høve til å stemme på valdagen kan du førehandsrøyste i opningstida på kyrkjekontoret i perioden frå 12. august til 6. september. Skal du førehandsrøyste i eit anna sokn enn der du bur, må dette gjerast innan 2. september.

Det er elles viktig å merke seg at dersom du har førehandsrøysta, kan du ikkje røyste på sjølve valdagen i tillegg!

Nytt ved kyrkjevalet i 2019

•    Ikkje lenger lov å stryke namn på lista
•    Du kan gi tilleggsrøyst til maksimum tre personar – ei ekstra stemme til kvar
•    Kun direkteval ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet
 

Røysterett

Alle medlemar av Dnk og som bur i soknet, og som har fylt 15 år innan utgangen av valåret – har røysterett  - både på det lokale soknerådsvalet og på bispedømerådsvalet. 
Ingen har stemmerett i meir enn eitt sokn. Utanlandske statsborgarar som er medlem av Dnk har kyrkjeleg stemmerett.

Alle røysteføre medlemar av Dnk skal få tilsendt valkort i posten i god tid før valdagen (juli/august). Har du ikkje motteke valkort, men meiner du er medlem må du straks melde frå om dette til ditt lokale kyrkjekontor.
 

Valperiode

Valperioden for både sokneråd og bispedømeråd er på 4 år. Den er den same som for kommunestyre, og føl den same syklusen som kommunestyrevala. 

Soknerådet

Soknerådet er ditt lokale «kyrkjestyre». Dei skal ha fokus på det som kan vekke og nære det kristlege livet i kyrkjelyden. Dei samarbeider tett med dei lokalt tilsette i kyrkja, og har merksemd på aktivitet og tiltak for både born og eldre i kyrkjelyden. Dei vedtek lokale planar for trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk. Dei vedtek også lokal grunnordning for gudstenestelivet, og vedtek føremål for kyrkjeofringar. Dei har ansvar for bruken av kyrkja, og for utleige av kyrkja. Dei førebur også saker for soknemøter, og er høyringsinstans i fleire saker og høyringar som kjem frå sentralt hald. Soknet er grunneininga i kyrkja.
Etter val av sokneråda er unnagjort, vel dei internt kvar sine medlemar til eit fellesråd. I eit fellesråd sit det representantar frå alle sokneråda, ein representant frå kommunestyret, og ein prest. Kyrkjeverja er sekretær for fellesrådet. Kyrkja i Sogndal, Leikanger og Balestrand får felles fellesråd frå 1. november 2019 pga. kommunesamanslåinga. Fellesrådet er mellom anna arbeidsgjevar for alle dei kyrkjeleg tilsette med unnatak av prestane, forvaltar kyrkjene og kyrkjegardane og er bindeledd mellom kommunen og den lokale kyrkjelyden.
 

Bispedømerådet

Bispedømerådet er arbeidsgjevar for prestane og bispedømeadministrasjonen. Dei fordelar presteressursane mellom sokna, og tilset prestar. Dei styrer bispedømet sin økonomi, og fordelar midlar frå Opplysningsvesenets Fond (OVF).Dei forvaltar trusopplæringa gjennom godkjenningar og inspirasjon, og leier regionale fellestiltak. Dei gjev fagleg støtte og rettleiing til sokna, og er eit bindeledd mellom nasjonale og lokale kyrkjelege organ. Dei har vedtaksmynde når det gjeld samanslåing/regulering av sokn, og er eit regionalt høyringsorgan i plansaker. Alle bispedømeråda utgjer til saman Kyrkjemøtet.