Meny: Kyrkjeval  Meny: Kyrkjeval - praktisk informasjon  Meny: Kyrkjeval - kandidatlister 

Viktig informasjon om førehandsrøysting

Publisert: 09.08.2019
Oppdatert: 09.08.2019

Kyrkjevalet 2019 vil skje 8. - 9. september i heile Noreg. Dersom du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen, kan du førehandsrøyste i perioden 12. august til 6. september,

Kyrkjevalet er eit val der ein stemmer på kandidatar for soknerådet i det soknet der ein bur, samt på kandidatar til bispedømmerådet. 

Har du ikkje høve til å stemme på valdagen kan du førehandsrøyste i opningstida på kyrkjekontoret i perioden frå 12. august til 6. september. Skal du førehandsrøyste i eit anna sokn enn der du bur, må dette gjerast innan 2. september.

I Sogndal og Leikanger vil det vere mogleg å førehandsrøyste på kyrkjekontoret, Fossetunet 1a, i kontortida som er måndag til fredag frå 09.00 - 15.00. Sjå informasjon om tilkomst til kyrkjekontoret her: Kontakt oss.

Det er elles viktig å merke seg at dersom du har førehandsrøysta, kan du ikkje røyste på sjølve valdagen i tillegg!

Sjå ellers Kyrkjeval 2019 for meir informasjon om Kyrkjevalet, samt kandidatlister.