Meny: Kyrkjeval  Meny: Kyrkjeval - praktisk informasjon  Meny: Kyrkjeval - kandidatlister 

Debattkveld om lokal kyrkjepolitikk

Publisert: 17.06.2019
Oppdatert: 09.08.2019

I desse valkamptider er mange aktuelle saker i vinden – og partia har sine kampsaker som dei ynskjer fokus på. Men kvar blir det av kyrkjepolitikken? Har du fått med deg kva syn partiet «ditt» har på kyrkja og det som skjer der? Ser du mykje om dette i media for tida? Eller er det berre når det er «sensasjonar» du finn noko om kyrkja i media?

Foto: KA og Arne Stubhaug/NRK

Fredag 23. August kl 17.00 inviterer vi til debattkveld i Sognefjordsalen på Statens Hus på Leikanger. 


Politikarane sine prioriteringar har mykje å seie for di lokale kyrkje:
-    Får kyrkja nok midlar til å drive vidare det arbeidet som er i gang – eller å setje i gang nye tilbod?
-    Kva aktivitetar er det mogleg å drive?
-    Kva konfirmantundervisning ynskjer du?
-    Kva tilbod vil du ha for born og unge, for eldre, einsame?
-    Kva vedlikehald kan ein vente seg på kyrkjebygg og kyrkjegardar?
-    Får ein halde fram med arbeidet ute i alle sokna?
-    Kva skjer med di lokale kyrkje?

Kom og høyr kva våre lokale listetoppar og parti har av planar for kyrkja, og kva dei ynskjer å satse på i den nye valperioden! 

Gi kyrkja di gode råd!
Stem på det partiet som har kyrkjepolitikken etter ditt hjarte – og stem på det lokale kyrkjevalet!

Kommunikasjonssjef Trygve W. Jordheim hjå KA (Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter) innleiar debattkvelden med innspel til viktige kyrkjepolitiske saker. Jordheim er utdanna journalist og har tidlegare mellom anna vore kyrkjeredaktør i Vårt Land. Jordheim er godt kjent i det politiske landskapet i Noreg, og er vel verdt å høyre på!

Eldgrim Fossheim vil leie kvelden og debatten. Fossheim er for dei fleste kjent som ei god radiostemme frå NRK Sogn og Fjordane, men han er også ein kjent debattleiar og kommentator. Sjølv om han no har pensjonert seg frå NRK, er han framleis aktiv med i det som rører seg her i fylket. Fossheim er også kjent for sin humoristiske stil med friske fråspark.