Vil du leige "nye" Kyrkjelydshytta?
Vil du leige "nye" Kyrkjelydshytta?

Kyrkjelydshytta  finn du på Nerestad i Sogndalsdalen, ca. 16 km frå Sogndal sentrum.
Hytta er eigd av Stedje sokneråd og er regulert til allmennyttige formål.

Hytta ligg i eit attraktivt område nær Sogndal skisenter og med fint turterreng for både sommar og vinteropphald. Hytta har innlagt vatn med nytt sanitæranlegg.

Ta kontakt med Sogndal Kyrkjekontor, tlf. 57679985, for å få meir informasjon om utleige og for bestilling av hytta.

Gjeldande prisar, haust 2016
Leige, pr natt kr. 600,-
Leige, pr helg (fre-søn) kr. 1.500,-
Leige, pr uke (7 døgn) kr. 3.800,-
Dagsbesøk/møte kr. 500,-
   
Vedsekk kr. 60,- pr sekk
   


Maks antall personar til overnatting i hytta:  15

Helsing styret for kyrkjelydshytta