Om kyrkjeleg fellesnemnd

I samband med samanslåingsprosessen for kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand sette kommunane ned ei kommunal fellesnemnd som skal stake ut kursen, og mellom anna sjå på korleis den nye kommunen skal organiserast. På lik linje med kommunane må kyrkja ta den same prosessen, og på lik linje er det også sett ned ei eiga kyrkjeleg fellesnemnd.

Medlemane i den kyrkjelege fellesnemnda er sett saman av medlemar frå fellesråda, samt ein representant frå prestane og ein representant frå den kommunale fellesnemnda. I tillegg har dei tilsette valt sine representantar som har faste plassar i fellesnemnda sitt administrasjonsutval, og som har møterett men ikkje stemmerett i fellesnemnda. Bjørg Anda er valt som leiar i den kyrkjelege fellesnemnda, og de ser elles resten av samansetjinga dersom du går inn på «medlemer i nemnda» her på heimesida.

Organiseringa av kyrkja kan på mange vis samanliknast med organiseringa av ein kommune. Der kommunen har kommunestyre, har kyrkja eit fellesråd, og der kommunen har ein rådmann, har kyrkja ei kyrkjeverje. I denne prosessen må kyrkja mellom anna sjå på korleis det nye fellesrådet skal vere samansett, og på korleis ein skal organisere dei tilsette.
Arbeidet i den kyrkjelege fellesnemnda er organisert som eit prosjekt.

Formål med prosjektet

Organisere omstillingsarbeidet og utarbeide ny organisering for Den norske kyrkja i kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand i samband med kommunesamanslåing. Dette for:

  1. å finne ei best mogleg organisering av Den norske kyrkja i den nye sognekommunen; samansetjing av sokneråd, fellesråd, administrasjonsutval og andre faste råd og utval. Dette for å skape ein tenleg struktur for at soknene kan ivareta oppgåvene i Kl. § 9 – ha si merksemd på alt som kan gjerast for å « vekke og nære det kristlege liv i soknet» og såleis ivareta kyrkja sin funksjon som trusfellesskap.
  2. at tilsette og valde rådsmedlemar i sokneråd og fellesråd utgjer leiarskap med vekt på samarbeid og samhandling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og kyrkjelydsbygging.
  3. at dei samla administrasjons- og leiarressursane vert utnytta rasjonelt, og at  ein utviklar ei funksjonell og brukarorientert oppgåveløysing av forvaltningsoppgåvene i Kl. §14.
  4. at kyrkjelydane skal bli i stand til å involvera medlemmane i det kyrkjelege arbeidet der dei bur og lever. Det gjeld: gudstenester, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og kultur.
  5. at kvaliteten på det kyrkjelege arbeidet skal vere god. Det gjeld både utadretta arbeid og administrativt arbeid. Brukarane skal oppleve lett tilgjenge og god service.
  6. å styrkje og utvikle eit godt forankra samarbeid mellom kyrkja og den nye sognekommunen.
Målsetjing

Målsetjinga med dette arbeidet må vere at ein klarar å skape ei fellesskapskjensle og eit samhald mellom kyrkjelydane i dei ulike sokna, og at arbeidsmiljøet vert prega av motivasjon og trivsel, tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling. Ei målsetjing er sjølvsagt også at ein klarar å få til ei funksjonell samordning i forhold til fellesrådet sine oppgåver etter Kl.§14. I tillegg ynskjer ein at det gode forholdet mellom kyrkja og kommunen blir godt ivareteke, og at ein har eit godt forankra samarbeid med den politiske leiinga i kommunen. 

Ein større organisasjon vil betre kunne ivareta diakonale tiltak, undervisningstiltak for vaksne, trusopplæring for born og unge, enten i form av å slå saman og auke stillingsstorleik eller i form av samarbeid. Vidare kan ein ha auka høve til å utvikle det trusmessige innhald i form av lokale seminar og samankomstar, auka kontakt om samarbeid med frie organisasjonar m.v med mål om å vere ei samla kyrkje.

Framdriftsplan

Målsetjinga er at planarbeidet er tilnærma ferdig til 31.12.18. Dette sidan det skal vere kyrkjeval hausten 2019, og valarbeidet tek til ved årsskiftet 2018/2019.

Den nye organiseringa for kyrkja vil trå i kraft frå 01.01.2020 – til liks med den nye Sogndal kommune.

Det er mykje som skal vere klart innan den tid, og me vil forsøke å leggje ut informasjon på heimesida etter kvart som arbeidet går framover

Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger/prosjektleiar