Vedtekter for gravplassane i Sogndal og Leikanger kommunar

Vedtekter for gravplassane i Sogndal og Leikanger kommunar

Publisert: 14.08.2018
Oppdatert: 15.10.2019

Her kan du lese dei vedtekter som gjeld for gravplassane i Sogndal og Leikanger kommunar. Om du ynskjer å laste ned vedtektene, kan du finne dei i pdf-versjon her.

Jfr. lov av 7. juni 1996, om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) §21. Sist endra 6. august 2012, gjeldande frå 1. juli 2012.
Vedteke i Sogndal og Leikanger Kyrkjelege Fellesråd 28.03.2017. Godkjent av Bjørgvin Bispedømeråd 30.03.2017.

§ 1 GRAVPLASSTILHØYRING

Avlidne personar i kommunen kan gravleggast på den gravplassen i kommunen som ein måtte ynskje. Dette gjeld òg om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet. I slike høve kan fellesrådet fråfalle kravet om betaling av avgift for utanbygds gravlegging; jfr. gravferdslova § 6. Ein føresetnad for rett til fri grav er at grava er tilvist av gravplassforvaltninga.

§ 2 FREDINGSTID OG FESTETID

Fredingstid for oskeurner er 20 år. Fredingstid for kister er 20 år for gravplassane i Sogndal kommune, og 30 år for gravplassane i Leikanger kommune. Festetida er for 5 år om gongen.

§ 3 FESTE AV GRAV

Fellesrådet skal ha ein kontaktperson/festar for kvar grav. Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av. Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til gravplassen. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.

§ 4 GRAV OG GRAVMINNE

§4,a:

Ved opning av grav kan jord leggjast på omkringliggjande graver og gravutstyr midlertidig flyttast. Kyrkjeleg fellesråd skal godkjenne gravminne og fundament før dette vert sett opp på gravplassen. Gravplassbetjeninga vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Dersom det har vore grave i jordmassane der gravminnet skal plasserast, kan gravminne ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging. Gravminna skal plasserast slik at bakkant av gravminna står på rett linje, sett frå rekkemerker på gravfeltet. Sjå §4, b som gjeld Kaupanger Gravlund. På ny festa gravstad (to graver) set ein opp gravminne i bakkant av den grava som vert teke i bruk og sentrerast ved neste gravlegging. Fundamentet til gravminnet skal gravast så djupt at det fluktar med terrenget rundt. Jmf. også gravferdsforskrifta §§ 20-27. Festaren/ dei pårørande er eigar av gravminnet, og er til ei kvar tid ansvarleg for at det vert halde i stand og at det er forsvarleg sikra. Festaren er også ansvarleg for eventuelle pyntegjenstandar som er montert på gravminnet eller plassert t.d. i plantefeltet framfor gravminnet.

§4,b:

På Kaupanger Gravlund gjeld fylgjande: Gravminnet skal vere av ubearbeida naturstein: Det skal vere liggjande, og mest mogleg naturtro i utforming. Det skal maksimum ha 25 cm. høgd og 75 cm. breidde. Gravminne skal vere tilpassa fundamentet slik at det kjem 5 cm innanfor ytterkant av fundamentet på alle sider. Gravminnet skal monterast på fundamentet med to massive rustfrie boltar som er 15 cm lange og 12 mm tjukke. Fundamentet skal gravast ned i jorda slik at det fluktar med terrenget. Gravminne og fundament kan vere i ulike steinslag, i fargeskala svart til kvit. Det er berre høve til å montere gravminne som er låge eller liggjande. Dei skal vere maksimum 25 cm. høge. På gravfelta skal nye gravminne vere av stein/bergartar i fargeskala svart til kvit. Gravminne skal ikkje vere utstyrt med lause eller fastmonterte lykter eller pyntegjenstandar.

§ 5 PLANTEFELT

§5,a:

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm. breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet. Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein natursteinskant som fluktar med terrenget rundt, men som ikkje er festa i eller er i eitt stykke saman med sokkel. Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet med steinar som ligg lause rundt. Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet, eller plantefeltet kan dekkast med ei steinhelle som fluktar med terrenget.

§5,b:

På Kaupanger Gravlund gjeld fylgjande: Det er høve til å opparbeide plantefelt framføre dei liggande gravminna som går 90 cm fram, målt frå bakkant av gravminne. Det er høve å plante planter som er høgare enn gravminne, men plantene skal ikkje overstige 40 cm. Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet med natursteinskant. Av omsyn til brannfare er det ikkje høve å pynte grava med faklar eller lys med open eld. Gravlykter skal vere festa i bakken.

§ 6 PLANTETILFANG

Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav som endar som avfall, skal vere komposterbart.

§ 7 STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å syte for at stellet av den grava han har ansvaret for vert stetta. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, skal såast til av den ansvarlege eller av gravplassbetjeninga.

§ 8 BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Framsyning av den døde kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 9 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassen skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.