Tårnagentdag for 8-åringar i Ølmheim kyrkje

Tårnagentdag for 8-åringar i Ølmheim kyrkje

Publisert: 11.10.2019
Oppdatert: 24.10.2019

Finst det stader i kyrkja, som du ikkje visste om?

Du har kanskje ikkje vore i Ølmheim kyrkje før? Ho har eit høgt og flott tårn! Opp der kan du få lov å komme! Du bestemmer sjølv om du vil gå heilt opp. Spør om mamma eller pappa kan melde deg på og bli med på TÅRNAGENTDAGEN  19.oktober kl. 11-15!

 

Laurdag 19.10. kl 11 - 15 inviterer trusopplæringa i kyrkja i Sogndal og Leikanger 8-åringar til å vera Tårnagentar i Ølmheim kyrkje i Norane. Denne laurdagen skal me utforske kyrkja og klokkene i kyrkjetårnet, løyse spennande oppdrag og mysterium. Kanskje fins det nokre hemmelege teikn i kyrkja? Det skal agentane få finne ut!

 

Kyrkjelege hemmelegheiter….

Ølmheim kyrkje er ei kvit trekyrkje frå 1863, og har eit høgt tårn med to klokker. Tårnet er ein hemmeleg plass, der det berre er kyrkjetenaren som av og til klatrar opp. Bortsett frå denne eine dagen i året: Tårnagentdagen, som berre er for 8-åringar. Det er sjølvsagt frivilleg om ein vil opp i tårnet. Ein kan få vere med å utforske andre hemmelege stader i kyrkja, om ein heller vil det.  Uansett vert det mange kjekke aktivitetar denne dagen.

 

Englevakt(!) 

Det er sikkert nokon voksne eller ungdomar som tenkjer at dette ville vore kjekt å vere med på. Dei som er foreldre, fadrar, tanter, onklar eller kanskje besteforeldre for ein tårnagent kan få vere englevaktar. Då får dei eit heilt unikt høve til å hjelpe til med spennande agentoppdrag. (NB, berre 1 vaksen pr. agent.)

 

Arrangementet kostar kr 50,- som ein kan Vippse ved ankomst/registrering i Ølmheim kyrkje 19.10.

Påmelding til leiar for trusopplæringa, Birte Husum innan 16.10. på birte@sogndal.kyrkja.no eller telefon 947 98 799.