Takk til Monica

Takk til Monica

Publisert: 15.03.2019
Oppdatert: 24.10.2019

Vår kjære kyrkjelydspedagog, Monica Ugulsvik, har betydd mykje for mange i åra ho har vore leiar for trusopplæringa i Sogndal og Leikanger. No er tida komen for å ynskje henne til lukke med ny stilling hjå ny arbeidsgjevar frå 2. mai, og i den samanheng har Monica eitt års permisjon frå arbeidet som leiar for trusopplæringa i kyrkjelydane. Me vil derfor takke, ynskje henne lukke til vidare, og velkomen attende ved høve! Me er elles så heldige at Elisabeth Sowerby Dale vil leia Småtrolltrall i kapellet på Stedje annankvar tysdag kl 17, første gong tysdag 19.mars. Dessverre har det ikkje lukkast å skaffe vikar for samlingar med babysong dette vår-semesteret, det kjem att så snart som råd. Det vert arbeidd med å tilsetje vikar, sjå utlysning her. Kanskje du kjenner aktuelle kandidatar? Kanskje er det deg?

I tida fram mot 2. mai, vil Monica ta del på desse gudstenestene:
- Stedje kyrkje 17.3 kl 11 Sprell levande, utdeling av Mi kyrkjebok 4.
- Fjærland kyrkje 17.3 kl 15 Gudsteneste. Kyrkjekaffi og årsmøte.
- Stedje kyrkje 31.1 kl 18 Misjonskveld i Stedje kyrkje.
- Kaupanger stavkyrkje 28.4 kl 11 Påske for alle, utdeling av Mi kyrkjebok 6.