Nye nettsider

Publisert: 01.02.2019
Oppdatert: 01.02.2019

Nettsidene til Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd har i dag fått ny drakt og organisering.

Vi gler oss over ei nettside som vi håpar vil vere meir funksjonell og meir intuitiv enn våre gamle sider, og vi håpar du som brukar vil oppleve sida som god.

Sjølv om nettsida i dag er blitt aktivert, er det mykje arbeid som gjenstår for å få alt opp og gå. Om du lurar på noko, eller det er noko du saknar, så ta gjerne kontakt med oss.