Ikkje set gravlys utanfor lukka lykter

Publisert: 15.01.2019
Oppdatert: 24.01.2019

Vi ber om at gravlys ikkje vert sett opp utanfor lukka lykter på kyrkjegardane i Sogndal og Leikanger.

Det er to grunnar til at vi ber om dette:

Den eine er på grunn av branntryggleik, då desse lett kan kvelva og kransar, blomar etc lett kan ta fyr.

Den andre grunnen er at fuglar, og då særleg kråker og skjorer, lett kan ta med seg lys som står utanfor lykter. Det kjem frå tid til annan meldingar om fuglar som tek med seg lykter og mister dei på vegen. Dette kan då forårsake skade på menneske, hus i nærleiken, bilar eller andre ting.