Felles open julaftanfeiring
Felles open julaftanfeiring

For tredje gong vert det skipa til felles open julaftanfeiring for dei som ynskjer å vere med på dette. I år skal feiringa vere på Museet (De Heibergske samlingar), og det ser vi fram til!

Lokala, og spiserommet som vi skal laga til, har ei koseleg atmosfære, og vi trur dette skal bli ein fin aftan!

Etter at gudstenestene på julaftan i sokna er avslutta, ringjer kyrkjene jula inn kl. 17.

Museet opnar kl. 17, og kvelden vert avrunda kl. 21.00

Vi ser fram til å samlast til julemiddag ca. kl. 17.30, med langbord pynta med duk og lys.

Julaftanfeiringa vil vere tradisjonell slik mange kan kjenne det att: Vi et pinnakjøt og god dessert, vi høyrer juleevangeliet lest, syng julesongar og går rundt juletreet. Nokre pakkar ligg det nok under treet i år og! Julaftan kan du kome som du er, og vi ynskjer at kvelden vert avslappa og triveleg for alle.

Kvelden formar vi i lag med god vilje til å gjere det beste for alle.

Har du lyst å hjelpe til og bidra med noko er det berre å seie frå i forkant.

Du kan vende deg til Gitte, soknediakon, tlf. 97416519, om du har lyst å bidra på noko vis.

Du treng ikkje vere med på sjølve julaftan sjølv om du hjelper til i forkant!

Døme på ting som skal ordnast:

Laga dessert, laga kålrotstappe, køyre folk til og frå som treng skyss, bidra med julepakkar eller julekaker.

Vi er takksam for støttespelarar, både i form av praktisk hjelp i forkant, sponsormidlar og andre gåver til gjennomføring av arrangementet.

Påmelding til kyrkjekontoret, 57679985, eller diakon@sogndal.kyrkja.no innan tysdag 18. desember.

Sei frå om du treng skyss, særkost eller andre ting vi skal ta hensyn til ved påmelding.

Den Norske Kyrkja arrangerer open julafta feiring i samarbeid med De Heibergske samlingar