Julekonsertar i kyrkjene våre
Julekonsertar i kyrkjene våre

I adventstida er det mange konsertar å velje mellom i våre kyrkjer! I denne artikkelen gjev vi ei lita oversikt over dei mange konsertane som skjer i våre kyrkjer i desember.

Kyrkjelydane sine eigne julekonsertar

I alle kyrkjene våre, skipar kyrkjelydane til konsertar der lokale kor og korps tek del. Under finn du tidspunkt for dei ulike konsertane:

  • Leikanger kyrkje - tysdag 11. desember kl. 19.00
  • Fjærland kyrkje - sundag 16. desember kl. 15.00
  • Skogly, Kaupanger - sundag 16. desember kl. 16.00
  • Ølmheim kyrkje - sundag 16. desember kl. 16.00
  • Stedje kyrkje - sundag 16. desember kl. 19.00

 

Andre konsertar

Det er og ei rekkje andre konsertar i våre kyrkjer:

Julesong 2018 - Leikanger kyrkje tysdag 4. desember kl. 18.00
Georg Friedrich Händel - Messias: Stedje kyrkje sundag 9. desember kl. 17.00
Helene Bøksle - Stedje kyrkje onsdag 12. desember kl. 18.00 og 20.30 
Leikanger musikklag - Midnattskonsert i Leikanger kyrkje 1. Juledag kl. 23.00