Vil du vere med på årets julespel?
Vil du vere med på årets julespel?

Tradisjonen tru, vil det og i år bli fremført «Julenatt i Leikanger» på julafta i Leikanger kyrkje. Vi søkjer deg som har lyst å vere med på fremføringa av den vakraste julegudstenesta i Sogn!
 

«Julenatt i Leikanger» vert fremførd av opp mot 100 frivillige frå Leikanger, og det er mange rollar som skal fyllast. Vi treng frivillige til forestillingane kl. 12, 14 og 16 på julafta. Du kan vere med på ei av desse, eller fleire om du og vil det! Alle mellom 0 og 100 år som vil vere med, er hjarteleg velkomen!

Rollar som treng skodespelarar:

  • Keisar Augustus
  • Kvirinius
  • Soldatar
  • Josef
  • Maria
  • Nyfødd systrending som Jesusbarnet
  • Gjetarar
  • Englar
  • Tre vise menn (born)
  • Englekor

Vil du vere med? Send ein epost til:
Monica Ugulsvik
Hallgeir Øgaard Westli