Konsert med Førde kammerkor og Sogndal songlag
Konsert med Førde kammerkor og Sogndal songlag

Sogndal songlag og Førde kammerkor med ny storsatsing

Messias av Handel

Sogndal Songlag og Førde kammerkor held fram med sin juletradisjon og søndag 9. desember skal dei framføre det storslåtte oratoriet "Messias" av Georg Friedrich Handel i Stedje kyrkje. Laurdag 8. desember blir det konsert i Førde kyrkje.Musikalsk leiar er Asbjørn Flåm, som til dagleg er kantor i Førde kyrkje og Førde kammerkor sin faste dirigent. Sogndal songlag har øvd inn verket under leiing av sin faste dirigent Bjørn Gisle Seter.

Handel komponerte Messias i 1741, i løpet av berre 24 dagar. Det vart først framført 13. april året etter i Irland. Frå ca 1750 vart verket framført årleg i London til inntekt for ein barneheim. I moderne tid har Messias blitt eit av dei mest spelte kyrkjeverka i adventstida, og i St. Pauls Cathedral i London blir det framført kvart år i byrjinga av desember. Tekstane er henta frå fleire bøker i bibelen og handlar om både Jesu fødsel, offer og trua på evig liv.

Verket er skrive for kor, orkester og fire solistar. Orkesteret er sett saman av distriktsmusikarar, amatørar og innleigde profesjonelle musikarar. Også i år har vi musikarar frå både inn- og utland.

Vi har fleire gode solistar i eige fylke, og i år ser kora fram til å få presentere to unge solistar frå Sogn og Fjordane. Eivind Kandal frå Kandal i Gloppen skal vere tenorsolist. Han avslutta utdanninga si ved Operaakademiet i København våren 2017, og er no tilsett som solistpraktikant ved Den norske Opera og Balett.  I oktober 2017 hadde han ei solistrolle i Opera Nordfjord si jubileumsframsyning "Sildagapet".

Mari Askvik er ein ung mezzosopran frå Leikanger. Ho har utdanninga si frå Griegakademiet,  Musikkhøgskolen og Operahøgskolen i Oslo. Mari gjer solistparti i oratorier og kyrkjemusikalske verk over heile landet, og er også ein ettertrakta ensemblesongar. Ho er fast tilsett i Det Norske Solistkor og medlem av tidligmusikkensemblet Christian IV's Vokalensemble i København. 

Vi gler oss til å synge i lag med desse to unge songarane i Førde og Sogndal.

Øvrige solistar er bass Bjørn Gisle Seter, busett på Hermansverk og dirigent for Sogndal songlag, og Christine Marøy frå Førde, som skal vere sopransolist. Seter og Marøy er distriktsmusikarar og jobbar i kulturskulen i høvesvis Sogndal og Førde. Seter er mykje brukt som solist i fylket og har hatt fleire roller ved Opera Nordfjord. Marøy er ein allsidig songar som trivst i fleire sjangrar, ho er mykje brukt som solist i kyrkjemusikalske verk, og repertoaret spenner frå barokk til samtid.

Velkommen til konsert!