Konfirmantpåmelding 2019
Konfirmantpåmelding 2019

Velkommen til konfirmantar 2019!

PÅMELDINGA ER FORTSATT OPEN!

Skal du melde på konfirmant til konfirmasjon i Sogndal eller Leikanger kommune, så har du komen rett. Påmelding skjer ved at du klikker på linken for ditt sokn, og fyller ut skjema. Er alt gjort rett, så vil det koma ein bekreftelse på epost til konfirmanten og foreldre.

Vi ynskjer å få inn flest mogleg påmeldingar før sommaren, så meld på så tidleg som mogleg. Endeleg frist er sett til 5. august. Er det noko som gjer det vanskeleg å melde seg på innen da, så ta kontakt med kyrkjekontoret.

Konfirmantåpmelding Stedje 2019

Konfirmantpåmelding Leikanger 2019

Konfirmantpåmelding Kaupanger 2019

Konfirmantpåmelding Norum 2019

Konfirmantpåmelding Fjærland 2019

LItt informasjon om konfirmantåret:

Konfirmantåret inneheld 60 timar med undervisning, aktivitetar og samlingar konfirmanten skal gjennom. Deriblant åtte gudstenester, fire laurdagssamlingar, øving til nokre av gudstneestene, konfirmantleir, aktivitetsgrupper og heimegrupper. Med andre ord eit variert år. Torsdag 23. august kl 19.00 i Stedje kyrkje har vi Kickoff-samling med foreldre og konfirmantar. Det markerer starten på året og vi håper flest mogleg av foreldre og har moglegheit til å være med.

I løpet av dei to fyste vekene av juni vil  brosjyre med datoplan for konfirmantåret og litt meir informasjon vera sendt i posten. Vi tek og turen rundt på alle skular og informerer no i juni. All informasjon og datoar vert og lagt ut her på heimesida. 

 

Har de spørsmål rundt konfirmanttida allereie no, så ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 57679985 eller epost post@sogndal.kyrkja.no så skal vi svare så godt vi kan.

Beste helsing

ungdomsprest

Andreas Danbolt