Tysdagsklubben har blitt onsdagsklubb

Opprettet: 05.02.2018
Oppdatert: 05.02.2018

Tysdagsklubben i Stedje kyrkjelyd er blitt Onsdagsklubb, for born frå 4 år til 3. klasse. Samlingar på utvalde onsdagar med fast tid kl 1715-1815.

Onsdagsklubben SPRELL LEVANDE startar opp att! Klubben er ein søndagsskule på kvardag, og er for alle born som har lyst til å vere med, frå og med fire års alder og oppover til og med tredje klasse. Her snakkar vi om Jesus og det å tru på ein måte som er lettare for born å forstå enn slik det kanskje er til vanleg på søndags–gudstenestene. Vi skal lesa, læra, oppleva, høyra, smaka og leika. Og sjølvsagt kan dei vaksne også vere med, dersom dei har lyst til det! Det vil vera bruk for foreldre eller andre vaksne som vil vera med som frivillege. Om dette er noko for deg, ta kontakt med Kjell Olav Høstaker Nordheim på tlf 482 43 056 for å få vita meir.

Då vi ikkje kan vere på Stedjetunet, er vi kjempeheldige og får låne rom til dei fleste samlingane på Trudvang skule! Møt fram utanfor musikkrommet på Trudvang, så finn vi fram til formingsrommet saman, der vi skal vere. Aldersgruppe: Frå 4 år til tredje klasse. Samlingar denne våren: Onsdagane 14.2 kl 1715-1815, 28. februar (i Stedje kyrkje!), 14.mars, 21. mars, 4. april. (Fleire samlingar kan bli annonsert.) Velkomen!

Følg Trusopplæringa i Sogndal og Leikanger på Facebook.
Følg Stedje kyrkje på Facebook

Les meir om oppstarten av onsdagsklubben på Søndagsskolen Norge sine nettsider.

print