Sorggruppe for unge vaksne

Opprettet: 10.01.2018
Oppdatert: 10.01.2018

Oppstart torsdag 18.januar kl. 16 på Fossetunet

Når ein vert ramma av dødsfall, ved brå død, ulykke eller sjukdom, vert ein som pårørande utsett for ei kjenslemessig belastning. I dei fleste tilfelle vil sorgarbeidet gå seg til etter kvart, men for mange er det  vanskeleg å handtere situasjonen åleine. Familie og vener er ofte det nærmaste og viktigaste nettverket, men det er ikkje alltid ein vil kunne snakka opent  med dei om korleis ein opplever situasjonen og den nye kvardagen. For vaksne vil erfaringar vi gjere gjennom livet ofte kunne hjelpa oss på vegen vidare, som noko ein haustar ifrå og som ein  byggje vidare på.

Born og unge som opplever dødsfall i nær familie, vil vere ekstra utsett og sårbare for påkjenningar som kjem ved eit dødsfall. Dei har som oftast ikkje opplevd noko liknande tidlegare. Samtale med andre som har opplevd noko av det same som du sjølv, å dela erfaring og utveksla tankar og kjensler, kan bli til hjelp på vegen. Kvardagen og livet kan vere tungt og trist etter eit dødsfall, og ulike spørsmål dukkar opp: korleis vert familiesituasjonen vår no?

Vi har tru på samtale i mindre grupper, og det vert difor invitert til sorggruppe for unge vaksne som har mista foreldre. Sogndal kommune ved kreftkoordinator Birte Husum, og kyrkja i Sogndal ved soknediakon Gitte Th. Torstad, gir tilbod om gruppesamlingar. Vi startar opp torsdag ettermiddag 18.januar kl.16. 00 på Fossetunet.  Ta kontakt med Birte eller Gitte viss du vil  vite meir om tilbodet!

Birte: 99286229  /  kreftkoordinator@sogndal.kommune.no
Gitte: 97416519  / diakon@sogndal.kyrkja.no  /  www.sogndal.kyrkja.no

 

 

 

 

 

print