Oppdatering av orgelsaka
Opprettet: 05.10.2017
Oppdatert: 02.11.2017

Mange lurar nok på kva som skjer med orgelet til Stedje, og her er ei lita oppdatering.

 

Orgelet i Stedje er no i hovudsak ferdig montert, men sjølv om det meste ser ferdig ut, er det enno ei god stund til vi får høyre dei første tonane frå orgelet. Den viktigaste komponenten for å få lyd i orgelet, spelepulten, er enno ikkje komen til kyrkja, men den er no i produksjon hos firmaet Otto Heuss Orgelteile i Tyskland.

Spelepulten og tilhøyrande elektronikk vert etter planen montert i orgelet i veke 6 og etter dette vert orgelet intonert, det vil seie at klangen i kvar pipe vert tilpassa rommet og til dei andre pipene i orgelet. Denne prosessen vil ta nokre veker, og vi håper at orgelet er klart til bruk til påske.

 

 

print