Leikanger mellomalderkyrkje frå 1250
Leikanger  mellomalderkyrkje frå 1250
Midt i det flotte fjordlandskapet , med frodige frukttre som ramme , og med fylkesadministrasjonen som nærmaste nabo , står den 750 år gamle steinkyrkja på Leikanger.
Kyrkjestaden , på neset mellom Nybø og Husabø , var tidlegare kultstad for fest og leik. Den gamle leikvangen gav sidan namn både til staden , kyrkja og soknet.Kjelde ( På Kyrkjeferd ) Kyrkja i Leikanger er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250. Kyrkja blei offentleg eigedom i 1872, etter ei omfattande ombygging. Sidan den tida har ho vore restaurert fleire gonger, alltid med omfattande innsats og bidrag frå kyrkjelyd og bygdefolk. Kyrkja er eit prydverk for heile bygda, med eit ærverdig ytre og eit stilfullt interiør. Til vanleg står dørane opne og besøkande er velkomne. Kilde ( Opplev Leikanger )
Kyrkja fekk tårn og to våpenhus på 1600-tallet. I 1872 blei så godt som alt inventar bytta ut, det sørvendte våpenhuset blei rive og tårnet og våpenhuset i vest blei erstatta med eit overdimensjonert moderne tårn. I 1936 kom det gamle inventaret på plass, i 1955 tårnet og våpenhuset, i 1960 nye og mindre vindauge og i 1980 nytt sakristi. ( Kilde: Wikipedia ) Kyrkja nede ved fjorden
Det må ha teke mange år å reise Leikanger kyrkje, og dei som stod for bygginga har hatt store ambisjonar. Kan hende var det ein storbonde på Systrond med nære band til kongsmakta som stod føre arbeidet? Og ein kan gjerne undrast på om det var for å demonstrere velstand og makt at kyrkjebyggjaren sette i gang eit slikt svært prosjekt, eller om det verkeleg var trong for endå eit gudshus på Systrond, der det alt var tre kyrkjer frå før. Men sjølv om Leikanger på byggjetidspunktet alt hadde kyrkjer på Henjum, Njøs og Hamre, var tilkomsten mellom dei ulike grendene vanskeleg. Difor var dei også skilde ut med eigen prest, kyrkje og kyrkjegard. Den delen som vart lagd til Leikanger kyrkje, var Husabø, Frækaland og Ytre Halland. Dei andre sokna dekka områda frå Fatlaberget i aust til Fjærlandsfjorden i vest.
Frå fyrst av var nok Leikanger kyrkje eit heller enkelt gudshus samanlikna med dei samtidige steinkyrkjene i Aurland og Luster. Men ingen skal likevel vere i tvil om at det var svært arbeidskrevjande å reise byggverket. Truleg har det teke mange år å sprengje ut steinen og frakte han til kyrkjestaden. Ingen har påvist kvar steinen til kyrkja er henta frå, men ein sannsynleg stad er Helleberget i utmarka til prestegarden. Transporten må ha gått føre seg på vinterstid med hest og slede nedover bakkane til kyrkjestaden.
Ikkje berre tok det tid å få fram byggjematerialen, men det har nok også vore ein lang prosess å mure opp bygningen. Kyrkja nede ved fjorden stilte i ein klasse for seg, samanlikna med dei andre kyrkjene i bygda. I samtida må ho ha vore eit storhende, og ho fekk tidleg posisjon som hovudkyrkja for midtre Sogn. ( Fylkesarkivet , nrk.no )
 
Reparasjonar på 1600-talet
Det eldste kyrkjebygget er skildra av kyrkjegranskar Bendixen som ein rundboga steinbygning med form som ein avlang firkant, men likefullt ikkje gjennomført rundboga.
Restaurert i 1870-åra
På 1870-talet skjedde den verkeleg store og dramatiske endringa i historia til Leikanger kyrkje
Tilbakeføring til 1600-talsstilen
Prosessen med å tilbakeføre Leikanger kyrkje til utsjånaden frå 1600-talet, starta rundt 1925. Sokneprest Sverre Daae fekk soknerådet og bygdefolket med på å restaurere kyrkja berre vel 50 år etter den store endringa i 1870-åra. Då kyrkja vart endra, vart samstundes 1600-tals interiøret i all hovudsak fjerna. I 1935 var storparten av det gamle interiøret tilbake på plass. Den gamle altertavla, som arkitekt Johan Lindstrøm hadde rekna med måtte kopierast, vart restaurert og tilbakeført i nesten original stand. Nye kyrkjebenker var også eit resultat av arbeidet på 1930-talet. ( Fylkesarkivet nrk.no )
 
Inventar:
Altartavla er frå 1606 , men har vore gjennom mange ombyggingar før ho vart resturert og tilbakeført til si noverande form i 1936.
Orgel: frå 1981.
Preikestol: truleg frå 1606 , tre , renesansestil svarande til altartavla.
2 kyrkjeklokker: ei frå mellomalderen , og ei frå 1672. ( På Kyrkjeferd)
 
 
Byggjeår: ca 1250.
Endringar: 1606 , 1660 , 1872 , 1936.
Byggestilar: Middelalder , renesanse , rokokko , sveitserstil.
Chr. Christie: ( ombygging 1872 ) Johan Lindstrøm , ( restaurering 1936 og 1955 )
Tal sitjeplassar:260.