Kaupanger Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje ligg vakkert plassert i landskapet oppå ein liten haug i naturskjønne omgjevnader omgitt av skog og mark.

Navnet på kyrkja vitnar om at den låg på ein handelsplass ( kaupang ) her på 1100 talet. Kaupanger stavkyrkje vart bygd kring 1190 etter at den gamle kyrkja brann ned under slaget om Fimreite i 1184 då kong Sverres Sigurdsons menn sette fyr på kaupangen som hemn etter slaget om Fimreite , mot kong Magnus V. Erlingson , som fall i slaget.( fylkesleksikon.nrk.no ) Dette er den største stavkyrkja av dei fem stavkyrkjene i Sogn, den er ei langkyrkje med i alt 20 stavar ( berande søyler ) i skipet. Kyrkja hadde opphaveleg eit kortare skip, men har tydelege merke av å ha vorte forlenga med 2 stavar mot vest , omlag 3,5 meter ein gong mellom 1200 og 1350.

Den eldste stavkyrkja:
 
Dateringane har vore omtala, men etter å ha teke prøver av trevirket , blei den eldste stavkyrkja i 2005 fastslått å stamme frå rundt 1137. Ei av dei eldste kyrkjene vart bygd på slutten av 1100-tallet i Borgundstil, med heva midtrom i kor og skip. Spor etter to eldre kyrkjer er funne under noverande kyrkje; frå 1000- og 1100-talet.
 
 
Ombyggingar:
 
Kyrkja har vore ombygt mange gonger i nyare tid, og er i dag den lengste stavkyrkja i Norge. På 1600-talet fekk stavkyrkja m.a. eit tårn midt på taket, våpenhus, og vindauge på sidene. Veggane vart bordkledde, og det vart sett inn preikestol og benkar til å sitje på. I tida mellom 1959 til 1965 vart den gamle stavkyrkja restaurert og ført tilbake til sin opphavelege utsjånad innvendes: Då målinga frå 1862 vart fjerna, kom det m.a. til syne nokre merkelege «noteteikn» frå mellomalderen – neumer. Desse er tolka og bearbeidde, og finst no som tone i den nye salmeboka for Den norske kyrkje på nr. 197.
Komponisten Arne Norheim vart også inspirert av neumene og lyden i dei gamle mellomalderklokkene i Kaupanger stavkyrkje, og komponerte ut frå dette verket «Klokkesong», som vart urframført i kyrkja i 1984. ( kilde Fylkesarkivet nrk.no)
I 1720 fekk sorenskrivar Giert Aanderssøn Heiberg løyve til å byggje eit privat gravkapell av stein på nordveggen for Heiberg-slekta , dette steinkapellet vart rive i 1872.
Kyrkja blei sterkt "modernisert" i 1862 under leiing av arkitekt F.H Stockfleth: Ho vart måla både okergul og lysegrøn innvendig og kvitmåla utvendig, og fekk panner på taket. Det vart sett inn i alt 51 vindauge, det vart bygt nytt våpenhus, og to galleri inne i kyrkjeskipet.
 
I 1959-65 blei inventar og eksteriør restaurert og ført tilbake til stavkyrkje , mest til 1600-talet. Trass i store endringar, er det meste av den middelalderske konstruksjonen bevart. Kyrkja er framleis soknet si kyrkje og har vore i vanleg bruk som soknekyrkje gjennom alle år. Kjelder:( stavechurch.com , På kyrkjeferd i S&F)
 
Inventar:
 
Altartavla er frå 1634 og vart gitt av futen Gjøde Pedersen til erstatning for ei tavle han hadde gitt til Kaupanger kyrkje i 1609, men som han gav vidare til Jostedalen kyrkje i 1634. Tavla er eit relativt enkelt renessansearbeid, og rekna som av ringare kvalitet enn preikestolen. Hovudbiletet viser korsfestingsscena med Maria og Johannes på kvar side av Kristus på korset. Overstykket med gavl viser bilete av den oppstadne Kristus. Altertavla er rikt utskoren og i mange fargar. ( kilde kirkedatabasen )
Korbogen frå ca. 1300 er truleg ein del av ein tidlegare altarbaldakin. Preikestolen er frå ca. 1620. Døypefonten er frå 1634, nattverdskalken frå 1665, to altarlysestakar frå 1609, lysestake frå 1720, ei lysekrune frå 1723 og to kyrkjeklokker frå ca. 1200.
To epitafium – dvs. minnebilete: Eit frå 1634 av Gjøde Pedersen med familie, og eit frå ca. 1659 av Thaames Willumsen og familie. ( fylkesarkivet nrk.no )Preikestol er frå ca 1620 , med lydhimmel , truleg gjeve av Gjøde Pedersen.
Orgel: Orgelet er frå 1967.
2 kyrkjeklokker frå ca 1200. Kjelde:( Kyrkjebyggdatabasen.no)

Tal sitjeplassar: 125
Byggjeår: Bygd ca 1190 , endra 1600-t og 1862. Tilbakeført 1959-65.
Vigslingsår: 1190.
Arkitekt: F.H. Stockkfleth ( 1862 )/ Kr. Bjerknes ( 1959)