Stedje kyrkje

Opprettet: 10.09.2013
Oppdatert: 04.10.2017

Ligg majestetisk plassert på ein åsrygg sør i bygda, med vidt utsyn over Sogndal.

Den er omkransa av bolighus, blømande hagar, og Stedje barnehage ligg rett ved. Kyrkja er prega av vakre nygotiske former og av inspirasjon frå stavkyrkjene. Kyrkja som vart innvigt i 1867, vart prefabrikkert i Christiania og frakta og sett opp på Stedje. Ho er oppført i panela bindingsverk etter Chr. Christies teikningar, og har basilikaform, det vil seie at taket over midtskipet er høgare enn over sideskipa. Det er vindaugsrekker oppunder taket i veggfelta mellom skipa.

Innvendig har veggane umåla panel som vart lagt i 1929, då også veggane vart isolert og innervindauga fekk farga småruter. Fargane i interiøret er frå 1967, og er antakelig ikkje dei opphavlege. Galleriet vart utvida i 1913 og fekk ny brystning i 1967.
Kjelde: NIKUs kyrkjeregister
 
Tidlegare kyrkjer:
 
1. Ein antar at det har stått ei enklare stavkyrkje på Stedje allereie på 1000-talet.
2. Den enkle stavkyrkja vart erstatta av ei stor stavkyrkje på 1100-talet. Dette var ei fylkeskyrkje. Påbygd vest-tårn i 1680. Riven 1867 for å gi plass til dagens kyrkje. 3. Kapellet på Åberge, omtala 1327, rive mellom 1563 og 1685. 4. Kyrkja på Kvåle, omtala på 1300-talet, nedlagd før 1574. 5. Kyrkja på Eggja, nemnt 1340, truleg nedlagt kort etter Svartedauden. 6. Kapellet på Fimreite, vigd til St. Albanus, nemnt kring 1340, nedlagt mellom 1480 og 1585. Kjelde: På kyrkjeferd i S&F
 
Inventar:
Preikestol frå 1867.
Altertavle: Kyrkja hadde frå 1867 ein Kristus-figur laga av bilethoggar Brynjulv Bergslien, Voss, men i 1890 vart det gjort vedtak om å skaffe altartavle. Den kom på plass i 1891, og er ein kopi av densken Carl Blochs (1834-90) Christus Conselator (= Den trøystande Kristus). Det er uvisst kven som har laga kopien. Det kan vere både Cecilie Dahl eller C. Brun. Det finst tilsvarande tavle i fleire andre kyrkjer. Mellom anna på Eid i Nordfjord og Naustdal i Sunnfjord, og ogso fleire kyrkjer utanfor vårt fylke.
Orgel: frå 1967, 30 stemmer, Vestlandske Orgelfabrikk.
3 kyrkjeklokker: den største klokka er frå før 1400 talet , og veg 1100 kg. Har innskrift på laten: Ave Maria Garcia plena Dominus teum benedicta in muleribus. = Ver helsa Maria, stor er nåden. Herren har velsigna deg mellom kvinner. Den minste klokka er frå 1584, og den mellomstore frå 1832.
Runestein frå ca 1100 med innsskrift: ”Olav skaut mellom desse steinane. ”ei pil , der den landa skulle kyrkja stå. Kjelde : ( På Kyrkjeferd…..)
 
Byggjeår 1867 , returert i 1967.
Vigslingsår 1867 , Vigsla 17. desember 1867 av biskop Peder C. H. Birkeland.
Byggmeister: Aghte og Gade.
Arkitekt: Chr. B. Christie.
Tal sitjeplassar: 400 (godkjent kapasitet 415)
 
 

print