FJÆRLAND KYRKJE
FJÆRLAND KYRKJE
Fjærland kyrkje ligg nede ved den vakre Fjærlandsfjorden på Mundal.
Det var praktisk å plassere kyrkja so nær kaien sidan dampbåtane, som var sjølve livsnerven i Fjærland, la til der på den tida. Kyrkja er ei raudmalt kyrkje i tre. Den særeigne stilen har stavkyrkjemodellen som førebilete ( treskipa ), men den har ei moderne forenkla form..
Kyrkja vart bygd i 1861 etter teikningar av Christian Heinrich Grosch. Den var opprinneleg ei kvitmåla langkyrkje ( basilika ) bygd i ei rektangulær form med plass til 240 personar.
I 1931/32 vart kyrkja ombygd, utvida og oppussa ved arkitekt Johan Lindstrøm. Kyrkja i Fjærland fekk etter ombygging i 1931 det ein kan kalle ein meir tradisjonell stil. Kyrkja fekk ein radikalt endra utsjånad i 1931, då det vart bygt til nye sider langs heile kyrkja. Dermed vart skipet utvida og talet på sitjeplassar auka frå 240 til vel 300. I samband med ombygginga i 1932 vart kyrkja måla raud. Utvidinga førte også med seg at det vart to små rom på kvar side av koret, avdelte med nokre enkle stolpar. Romma har av fjærlendingane sjølve fått namnet båsane, og er i bruk dei gongene kyrkja er fullsett. Dei tidlegare høgreiste vindauga med spissboge langs sidene vart erstatta av småruta vindauge berre halvparten så store. Forma på tårnet vart også endra i og med at det kopartekte spiret vart erstatta av ei stang med ein kross øvst. Kyrkja blei vigsla på nytt 13. august 1931 av biskopen. ( kilde Fylkesarkivet )
 
Av alle kyrkjene i fylket vårt er  vel Fjærland kyrkje av dei få som nesten har snødd ned. Det skjedde i januar i 1981. Nede ved fjorden låg det 2,20 meter snø på flat mark. Etter kvart som snøen lava ned, voks han over vindauga i kyrkjeskipet. Til slutt kom det lys berre gjennom stripene som var att i vindaugsrekkja opp under taket. Men vegen fram til inngangsdøra vart jamleg moka, og folk kom seg til kyrkjes. Det staselege gudshuset er solid bygt og toler godt dei snøtunge vintrane. Fargen gjer det dessutan til ei triveleg "vinter-kyrkje". Og på ein heilt vanleg, litt grå vårdag, gir ho varme og glød til naturen, dei mektige fjella og Fjærlandsfjorden som bølgjar mot land berre eit lite stykke unna. ( kilde Fylkesarkivet )
Tidlegare kyrkjer:
1. Stavkyrkje på Bøyum: På garden Bøyum i Fjærland stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet til 1610, då ho bles ned i ein storm. Endre Skarestad skal ha eigd kyrkja, og på garden Skarestad er det to stabbursstolpar som skal stamme frå denne kyrkja. Bygda hadde eigen prest i året 1306. Omlag 1610 - kan hende noko seinare - vart det bygt ny kyrkje i Mundal. Kyrkja er nemnt første gong i 1686
2. Mundal kapell, tømmerkyrkje reist 1610, riven 1861 då nykyrkja vart reist.
Kjelde: På kyrkjeferd i S&F
Inventar:
Altartavla er frå 1931 og måla av Bernt Tunold. Motivet er Emmausvandrarane. Dei øvrige delane av altartavla er utført av den lokale kunstnaren Harald Rutle. Tavla har innskrift frå Lukas 24,28-29. "Daa dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger. Men dei nøidde honom og sagde: Ver med oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar. So gjekk han inn og var hjaa dei."
I koret heng ei seksarma lysekrone i messing, som er det eldste inventaret i kyrkja. Ho vart gitt til kyrkja av ein familie på Berge etter at dottera deira forulukka. I tillegg er her ei 20-arma lysekrone messing i frå 1972. Orgelet frå 1976, og har 14 stemmer, Jørgensen. Kyrkja har to klokker i stål frå 1894, gamleklokka sprakk julaftan 1893. Den eine har innskrift frå Matt. 11,28 og den andre frå Salme 103,2. ( fylkesarkivet )
Preikestolen er måla/marmoret i brun- og grønfargar. Står på ein sokkel i tre, måla grøn. Sidene på preikestolen er dekoret med "speglar" som er dekormåla/marmorert.
Kyrkjetype: Soknekyrkje.
Tal sitteplassar: 300
Byggjeår: Bygd 1861 , tilbygd sideskip i 1931.
Vigslingsår: Vigsla i 1861. Vigla på nytt 13. august 1931 av biskop Fleischer.
Arkitekt: Johan Lindstrøm , Bergen ( 1931)