Småtroll - trall!
Opprettet: 18.08.2016
Oppdatert: 14.08.2017

Småtroll-trall er eit opent tilbod for 1-3 åringar i trusopplæringa i Sogndal og Leikanger. Samlingane vert leia av Guri Høstaker Nordheim og Monica Ugulsvik.

Song, rim og regler, trommer og applaus, hopping og dansing, ikkje minst cafè med kjeks og saft.... Å, kor kjekt det blir å møtast til Småtroll-trall att no, etter ein lang sommarferie!

Alle 1-3 åringar med foreldre er velkomne til samling i kapellet på Stedje, annakvar tysdag  kl. 17.15-18.00, frå 29.august ! Her kjem datoane for samlingar hausten 2017:

29.aug, 12.sept., 26.sept, 3.okt, 17.okt, 31.okt, 14.nov, og 28.nov.

OBS! Det kan komme endringar, men då vil det bli gitt beskjed!

Vel møtt!

 

print