Diakoniutval perioden 2015-2019
Diakoniutval perioden 2015-2019

KVA ER DIAKONI? 
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
 
Jesus sa : ”Du skal elska din neste som deg sjølv”.
Og vidare ”Det du vil andre skal gjere mot deg skal du gjere mot dei”.
 
Diakonia er gresk og kan blir forstått som omsorg og teneste. Diakoni er både ei generell teneste, dvs. som omfattar ”alt”, men er og ein spesiell teneste, som er konkret og med særskilte oppgåver.
Bibelen si forståing av diakoni er ”oppdrag”, som har eit kjenneteikn av å vere viktig og gitt av ein viktig oppdragsgivar,nemleg Gud.
Diakoni skal difor vere på dagsorden i alle kyrkjelydar, noko også Kyrkjerådet vektlegg:
 
Visjonen er at evangeliet skal utøvast i handling. Det skal vere samsvar mellom liv og lære!
Dette kan verte uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, kamp for rettferd og vern om skaparverket.
 
Den diakonale tankegangen tar utgangspunkt i Gud sin kjærleik til oss menneske,
der Han gjennom Jesus tek imot oss med opne armar.
På same viset skal vi ta imot kvarandre og vise kjærleik, respekt og ydmykheit.
Omsorg, forståing og tilgjeving er berre nokre av viktige verdiar som vi ynskje skal prege haldningane våre. Verdiar som er viktige for oss, kjem fram i samhandling med andre.
  
Diakoni er mellom anna praktisk arbeid i kyrkjelyden, der vi kan vise kvarandre omsorg, vere hjelpsame, trøysta kvarandre, motivera og gje håp til dei som treng det.
Diakoni utfordrar oss på mange måtar, og vi bør hjelpe kvarandre i arbeidet med å tene til det beste for den einskilde og for fellesskapet.
 
Ynskjer du å vere ein frivillig medarbeidar i diakoniarbeidet, kan du vende deg til kyrkjekontoret v/ diakon Gitte Th.Torstad. 
Sjå anna stad for tlf.nummer og mail adresse.
 

Diakoniutval valgt for perioden 2015-2019

Kirsten Anny Amledal Kaupanger  
Anne Lille-Homb Kaupanger Vara
Berit Orheim Fjærland  
Marit Lunde Mundal Fjærland Vara
Åse Kongsvik Leikanger  
Sunneva Husebø Leikanger Vara
Anne Marit Venes Fardal  
Heidi Fondenes Slinde Vara
Sissel Aina V. Aaberge Sogndal  
Astrid Hove Stedje Vara