Dåpsring og kyrkjering i Stedje

Opprettet: 09.02.2016
Oppdatert: 10.01.2018

I Stedje sokn er det ei Dåpsring og ein Kyrkjering.                              
Dei to ringane har noko ulikt  fokus  når dei samlast og på kva dei er oppteken av.

Samlingar, våren 2018 (med forbehold om endringar):
Dåpsringen: 1. februar og 16. april. 
Kyrkjeringen: 31. januar, 28. februar, 28. mars, 18. april og 30. mai 

Stad: Ein kjem tilbake med meir informasjon om stad for samlingane når dette er avklart.

Kyrkjeringen er namnet på samlingane som karane har, kvar siste onsdag i månaden kl. 17.30-19.30. Samlingane er opne for dei som ynskje koma!

På møta vert det alltid servert vaflar, steikinga går på omgang. Andakt og song høyrer med, samt ei morosam lita historie. Mannfolka har òg utlodning, og pengane som kjem inn vert nytta til innkjøp av diverse utstyr til kyrkja, no seinast kosta dei nye høgtalarar til Stedje kyrkje. Det vert diskutert og drøfta ulike forhold som gjeld kyrkja, til dømes diverse dugnadsoppgåver inne og ute. Kyrkjeringen sine menn har no ordna skinnet som er rundt alterringen, og ute har dei saga og rydda vekk skogen både ved Stedjetunet og ved kyrkja. 

Du kan kome til den/dei samlingane det høver for deg, du treng ikkje vere med kvar gong. Men du er hjarteleg velkomen til desse kjekke samlingane- kom og bli med!

Dåpsringen er opne samlingar for alle kvinner som ynskje kome saman. Møta er om torsdagar, frå kl. 18-20.

På møta er det ei kort andakt, litt song, handarbeid for den som vil, drøftingar om det kyrkjelege arbeidet, utlodning, matservering og gode samtalar.

Pengane som kjem inn frå utlodningane går i si heilheit til Stedje sokneråd si satsing på materiell til dåpsfamiliane. Familiane som kjem til kyrkje for å døype barnet sitt, får dåpslys og lysestake, og ein dåpsserviett som vert brukt til å tørke barnet sitt hoved under dåpen. Dåpsservietten er laga på Madagaskar i eit misjons-og diakoniprosjekt gjennom Norsk Luthersk Misjonsselskap.

Har du interesse av dette, er du hjarteleg velkomen til å bli med når det høver!

Spørsmål kan rettast til Kyrkjekontoret ved diakon.

print