Kvardagstru - hausten 2017
Opprettet: 06.09.2017
Oppdatert: 06.09.2017

No er det klart for ein ny runde med kvardagstru, og tema-kretsen vert den same som før: Kyrkjeåret - kva og kvifor? Men denne gongen vert det fokus på ein annan del av kyrkjåret, nemleg tida frå seinsommar og fram mot advent. Dette er ei tid utan spesielle høgtider, det er ingen ekstra, raude dagar i kalendaren. Likevel er det mykje å lære av kyrkjeåret sin gang også i dene tida.

Tid og stad
Kvardagstru kjem til å vere i Stedje kyrkje kl 1930, på desse tysdagane:

  • 12. september: Livet i Guds kyrkjelyd – kall til teneste. Ved Gitte Therkelsen Torstad.
  • 19. september: Livet som læresvein – del 1. Ved Andreas Danbolt.
  • 3. oktober: Livet som læresvein – del 2. Ved Andreas Danbolt.
  • 17. oktober: Bot og bøn – å stå til ansvar for livet. Føredragshaldar ikkje klarlagt.
  • 31. oktober: Vi tek del på Aftansong. NB: På Sogn folkemusem, kyrkjeutstillinga.
  • 14. november: Håp i livet når tida tek slutt. Ved Kjell Olav Høstaker Nordheim
  • 12. desemvber: Advent – livet kjem! Ved Bjørg Sæther.

Reformasjonsdagen 31. oktober
På ei rekke av kveldane vert det musikalske innslag og song, ikkje minst på Aftansong 31.10. Denne kvelden har eit annleis innhald, sidan dette er sjølve reformasjonsdagen, og det i år er 500-årsmarkering av denne. Tysdag 31.10 oppmodar vi derfor om å ta del på arrangementa som er eit samarbeid mellom De Heibergske samlinger og Sogn prosti, og det vil finna stad på Sogn Folkemuseum denne kvelden. Denne kvelden er det eit føredrag om «Kyrkjekunsten frå Sogn på Bergen museum», og dette er kl 18. Aftansong tek til etter føredraget.

For alle
Når det gjeld dei vanlege kvardagstru-samlingane vil dei  vare om lag  ein time, og det vert slik lagt opp til kortfatta undervisning og trusopplæring for vaksne. Samlingane er lagt opp med tanke på at dei skal høve godt for dei som ikkje har vore med på noko liknande tidlegare. Ein treng ikkje å ha delteke på samlingane som var våren 2016 for å ha utbyte av denne nye runden med Kvardagstru. Ein kan også få godt utbyte av kveldane om ein berre har høve til å delta på enkelte samlingar.

Samlingane er utan påmelding og utan kostnad for dei som har lyst til å vere med. Kvardagstru vert gjennomført i regi av Stedje sokneråd, med økonomisk støtte frå Opplysningsvesenets fond.

 

print